Digital «rørsle» for eldre!

inspartum akademi
april 14, 2021
0B6A0928.jpg

Hei på deg flotte inspartum-blogg leser! Eg er Nina frå Sveio på Vestlandet. I dette innlegget skal eg sei noko om bedrifta mi Rørsle, og korleis eg legger opp seniortrening nå etter at ein pandemi råka landet vårt.

Først litt om meg. Eg er gift, har tre barn og ein fuglehund. Me er ein aktiv familie som likar å væra ute. Både på ski, jakt og fjellturar. Bedrifta mi Rørsle tilbyr styrketrening i gruppe, SOMA MOVE®, personleg trening og trening for eldre. Altså eg trener folk i alle aldrar. Eldre personar har alltid fascinert meg, eg har alltid likt å drøsa med dei eldre. Saman blir det mykje god humor, og ein historie innimellom. Eg starta med senior gruppetrening på treningssenter. Å sjå korleis dei eldre kosar seg med trening og sosialt samvær er fantastisk. Dette motiverar meg til å få med flest mogleg eldre på trening.

Som alle andre har eg måtta tenkja nytt etter at pandemien råka oss. Etter å ha grene mine modige tårer i mars for eit år sidan var det på tide å gjera noko. Eg hadde allereie tenkt på ideen om å trene digitalt med eldre for å kunne nå ut til alle i heile Noreg. Gi eit tilbod om trening til dei som ikkje har eit treningssenter i nærheita eller som ikkje ynskjer å trene på eit senter. No var tida inne for å gjere noko med det. Eg starta arbeidet for alvor i haust. Eg fekk med meg både Seniornett og Pensjonistforbundet som samarbeidspartnerar. Me fekk støtte frå Stiftelsen Dam til prosjektet «Digital rørsle for eldre». Treninga starta opp i februar, no trener eg fleire grupper med eldre i veka. Eg får mange gode tilbakemeldingar frå godt nøgde deltakerar.

0B6A0786.jpg

Etter mi meining er det fleire viktige faktorar for å lykkast med seniortrening, både i møte med dei fysisk og digitalt. Ein av dei er at du sjølv likar å væra saman med eldre, og at du ser deltakerane dine. Dei må bli sett og høyrt. I ei tid der eldre opplever einsemd meir enn nokon gong på grunn av strenge smittevern tiltak, er det å oppleve ein sosial dimensjon særs viktig. Treninga er tilrettelagt slik at alle meistrar, fokus er styrke- og balansetrening. Ut frå mine erfaringar får ein dette best til digitalt i små grupper.

Det er så fantastisk å sjå kor stor glede dei eldre har av å møtast digitalt både for å drøse litt og trene. Eg blir veldig motivert for å jobbe med dette då eg høyrer kommentarer som; «Åhh, detta var gøy. Eg gleder med allerede til neste veke», «Dette var akkurat slik trening eg trengte», «Så bra å trene balanse, den har eg ikkje trent på lenge» og «Eg klarte å kople meg på treninga, det hadde eg ikkje trudd». Dei opplever meistringstru på flerie arenaer og smiler frå øyra til øyra.

Deltakerane gir tilbakemeldingar om at dei set pris på å ha ein fast dag i veka der dei kan væra sosiale og trene saman. Mange bur åleine og syns det er kjekt å treffe andre folk. Nokon har erfaring med trening, nokon ingen. Det er difor viktig å forklare øvelsane godt, og kva muskelgrupper ein jobbar med. Kor ein skal kjenne det. Ein anna ting som er viktig å informere om er at ein kan bli litt støl. Personar som ikkje har opplevd det før kan bli skremde og tru dei har gjort noko gale. Eg passar alltid på å sei at det er heilt normalt og ikkje farleg. Når ein trener eldre er det også viktig å informere om at dei må kjenne på dagsforma og ta pausar når det trengs. Når me gjer øvelsar eg veit dei kan blir svimmel seier eg alltid i frå på førehand at dei må stoppe opp dersom dei blir svimle. Samt at eg gir dei alternative øvelsar.

Bilder fra instagram: @roersleIMG_2720.jpgIMG_2721.jpg

Å trena styrke og balanse er kjempeviktig for å bu heime, og klara kvardagslege gjeremål, men dei færraste følgjer anbefalingane frå myndigheitene om å trena 2-3 gonger i veka. Dette prøver eg å gjere noko med. Eg føler meg heldig som kan væra med å bidra til betre fysisk og psykisk helse hos dei eldre i samfunnet. Eg elskar å jobba med å få flest mogleg i bevegelse. Å sjå kor glade alle blir av å trene er berre så motiverande. Me må få med fleire, fleire må få oppleve treningsglede. Ved å ha eit digitalt tilbod vil ein kunne nå ut til fleire. Mi bedrift ynskjer «Rørsle for alle».

Rørsle-klem frå

Nina Matre

Del dette innlegget
inspartum-akademi-logo
inspartum engasjerer og utdanner instruktører innen gruppetrening til selv å skape nye, unike treningsopplevelser, som igjen kan inspirere til nytt engasjement og treningsglede i befolkningen.

© 2024 inspartum – inspirasjon til å skape.
Ved å bruke denne nettsiden aksepterer du vår bruk av «cookies». Vi bruker «cookies» for å tilby deg en god opplevelse og hjelpe nettsiden med å fungere bedre. Les mer om vår «cookie policy» her.
cartcrossmenuchevron-down